Are Bøe Pedersen Are Bøe Pedersen

Vedtekter

Vedteke på organisasjonen sitt stiftingsmøte 7. februar 2023.

Vedteke på organisasjonen sitt stiftingsmøte 7. februar 2023.


Kapittel 1: Føremål

§ 1.1 Namn

Namnet på organisasjonen er Organisasjonen Ferske Forskarar. Namnet kan tilpassast begge målformer, vert forkorta til OFF.

§ 1.2 OFF sitt føremål

OFF er ein brei medlemsbasert organisasjon som har til føremål å representere og fremje interessene til forskarar i ei tidleg karrierefase.


Kapittel 2: Medlemmer

§ 2.1 Medlemmer

Alle aktive ph.d.-kandidatar og personar med doktorgrad oppnådd i løpet av dei siste sju år kan takast opp som medlem i organisasjonen.

Også personar tilsette i stilling kor delar av arbeidstida er avsett til forsking kan takast opp som medlem i organisasjonen. Desse kan maksimalt ha vært tilsett i forskarstilling eller stilling med forskartid i sju år. Dersom ein er medlem oppteken etter desse kriteria, kan ein væra medlem i organisasjonen i totalt ti år, maksimalt sju av desse etter oppnådd doktorgrad.

Forlenging av tid sidan oppnådd doktorgrad eller i stilling kor delar av arbeidstida er avsett til forsking vert gjeve i tilfelle kor det kan visast til permisjon, sjukdom eller andre liknande høve som stoggar karriereprogresjon.

§ 2.2 Innmelding og utmelding

Innmelding skjer ved at personar som passar eitt av medlemskriteria i §2.1 aktivt melder seg inn. Dette gjerast ved å sende førespurnad om medlemsskap gjennom det som til ei kvar tid er organisasjonen sin offisielle kanal for stifting av medlemsskap.

Utmelding skjer ved at medlemmet aktivt melder frå til styret at dei melder seg ut av organisasjonen.

§ 2.3 Eksklusjon

Medlemmer som – etter eitt åtvaring frå styret – held fram med å handle i strid med organisasjonen sitt føremål spesifisert i § 1.2 eller som oppfører seg trakasserande overfor andre medlemmer kan ekskluderast frå organisasjonen. Vedtak om åtvaring og eksklusjon gjerast gjennom 2/3 (to tredjedels) fleirtal i styret, og kan ankast av den ekskluderte medlemmen til neste årsmøte.

§ 2.4 Varsling

Eit kvart medlem kan sende varsel dersom dei opplever åtferd som fyller eksklusjonskriteria spesifisert i § 2.3. Styret pliktar å drøfte varselet, og å sende åtvaring til den personen varslinga gjeld dersom dei ser det som naudsynt. Styret pliktar også å følgje opp varslar. 


Kapittel 3: Dokumenter 

§ 3.1 Vedtekter

Vedtektene er overordna øvre dokument og regulerer den sentrale verksemda i organisasjonen. Handsaming av vedtektene skjer på årsmøtet og er difor regulert under kapittel 4.

§ 3.2 Budsjett og rekneskap

Budsjett og rekneskap regulerer organisasjonens økonomiske drift. Budsjettet regulerer økonomiske rammer for det komande kalenderåret og rekneskap syner den økonomiske verksemda det føregåande året. Handsaming av budsjett og rekneskap skjer på årsmøtet og er difor regulert under kapittel 4.

§ 3.3 Politisk prinsipprogram

Det politiske prinsipprogrammet gjer greie for organisasjonens prinsipielle og politiske synspunkt, og konkretiserer det organisasjonen meiner er i tråd med § 1.2. Politisk prinsipprogram vert fastsett og endra etter behov av styret.

§ 3.4 Handlingsplan

Handlingsplanen fastsett gjeremål for det komande året. Planen vert fastsett av styret. Forslag til handlingsplan vert lagt fram på årsmøtet, men det nyvalde styret kan gjera endringar i denne.

Styret presenterer en evaluering av handlingsplanen i tillegg til forslag til ny handlingsplan på kvart årsmøte.

Kapittel 4: Årsmøte

§ 4.1 Mynde

Årsmøtet er OFF sitt øvste styringsorgan.

§ 4.2 Møte-, tale- og stemmerett

Alle medlemmer som har meld seg på møtet har møte-, tale- og stemmerett. 

§ 4.3 Ordinært årsmøte

Ordinært årsmøte haldast ein gong i året. Kunngjering av årsmøtet sendast ut fire veker før møtet, og sakspapir skal sendast ut til medlemmane seinast to veker før møtet.

På møtet skal følgjande saker handsamast:

  • Eventuelle vedtektsendringar.

  • Godkjenning av rekneskap for førre periode.

  • Budsjett for komande periode.

  • Presentasjon av evaluering av handlingsplan, samt forslag til handlingsplan for det komande året

  • Val av styre.

  • Eventuelle anker av eksklusjon.

Vedtektsendringar gjennomførast med 2/3 fleirtal, medan resterande voteringssaker – utanom val – gjennomførast med alminneleg fleirtal. Gjennomføring av val vert regulert under kapittel 6.  

Årsmøtet kan vedta å lukka møtet i saker kor dette er ønskjeleg.

§ 4.4 Ekstraordinært medlemsmøte 

Utanom ordinært årsmøte kan det kallast inn til ekstraordinært medlemsmøte, dersom over halvparten av fungerande styremedlemmar eller over halvparten av aktive organisasjonsmedlem krev det. Ekstraordinært medlemsmøte kan berre handsama dei av sakene skissert i § 4.3 som er på førehand spesifisert i innkallinga. Innkalling til ekstraordinært medlemsmøte må også sendast ut to veker før møtet.

I tilfelle kor det er organisasjonsmedlemmane som krev ekstraordinært medlemsmøte, skal det sendast skriftleg krav til styret kor sakene som skal handsamast og kven det er som stiller seg bak kravet står spesifisert. Styret kallar så inn til møtet så snart som råd er.


Kapittel 5: Styret

§ 5.1 Styrets funksjon og samansetnad

Styret er organisasjonens utøvande organ og driv organisasjonen utanfor årsmøtet. Styret vert vald på årsmøtet for eitt år om gongen og består av følgjande styreroller:

  • Leiar

  • Nestleiar

  • Økonomiansvarleg

  • Styremedlem

  • Styremedlem

  • Styremedlem

Leiar er hovudansvarleg for styret si verksemd og nestleiar er leiar sin stadfortredar. Økonomiansvarleg har særleg ansvar for organisasjonens inntekter og utgifter. Utover dette konstituerer styret ansvars- og oppgåvefordeling sjølv. 

I tilfelle kor det er stemmelikskap har leiar eller leiar sin stadfortredar dobbeltstemme. 

Signatur og prokura på vegne av organisasjonen krev godkjenning frå leiar/stadfortredar samt økonomiansvarleg.

§ 5.2 Vedtaksføre

Styret er vedtaksført dersom fire av seks medlemmar er til stades.


Kapittel 6: Val

Val av styre skjer på årsmøtet, i tråd med § 4.3. Det sittande styret innstiller i styreval og sender denne ut med sakspapira. Sitjande styre kan velja å anten utarbeida innstillinga si i form av ei samla liste, eller om dei vil innstilla på verva kvar for seg. Det krevst alminneleg fleirtal for å bli vald.



Les mer