Are Bøe Pedersen Are Bøe Pedersen

Politisk prinsipprogram

Politisk Prinsipprogram for Organisasjon for Ferske Forskarar (OFF)


Organisasjon for ferske forskarar (OFF) er ein brei medlemsbasert organisasjon som har til føremål å representere og fremje interessene til forskarar i ei tidleg karrierefase.



1. Om det politiske prinsipprogrammet

Det politiske prinsipprogrammet er OFFs ideologiske og prinsipielle forankring. Den vedtatte handlingsplanen utgår frå det politiske prinsipprogrammet og er ei konkretisering av dei generelle prinsippa som kjem til uttrykk i dette dokumentet. Prinsipprogremmet skildrar ein del av dei overordna problemstillingane som råkar heile eller store delar av interessegruppen, utan at desse skal forstås som uttømmande. 


2. Programerklæring

Akademia er prega av hierarki og lagdeling mellom forskarar som er tidleg og seint i karriera. Mange forskarar som er tidleg i karriera lever i laus tilknyting til eit arbeidsliv som er prega av utstrakt bruk av midlertidigheit og jobbusikkerheit. Samstundes som stadig fleire tek doktorgrad, har konkurransen om faste stillingar blitt stadig hardare. I ein hyperkompetetiv sektor skapar det ei arbeidskultur med stort press og mykje uhelse blant stipendiatar, vitskaplege assistentar og nyutdanna forskarar. Denne prekariteten slår skeivt ut for ulike grupper, med omsyn til til dømes kjønnsidentitet, funksjonsnivå, etnisitet, økonomi og/eller kulturell bakgrunn. På same tid går sektoren gjennom dramatiske kutt og omveltingar som ferske forskarar har liten medverknad i. Programma til Forskningsrådet som i prinsippet er retta inn mot forskarar tidleg i karriera, fungerer i praksis som ekskluderande ved å leggje inn vilkårlege kriterium og hinder for søkjarar. Det gjer framhald av karriere vanskeleg for ferske forskarar som ikkje treff på NFRs kriterium. Forskarar må vente i årevis mellom doktorgrad og mogelegheiter til å søkje finansiering av eiga forsking samstundes som moglegheitane for fast stilling for mange er avgrensa.


Interessene til forskarar tidleg i karriera er i blant samanfallande med resten av sektoren, men i andre tilfeller ikkje. Det er difor på høg tid å etablere ein brei medlemsbasert interesseorganisasjon som kan fremje interessene til akademikarar som er tidleg i karriera, i tråd med dei gode normane i resten av norsk arbeidsliv. OFF skal gjennom sin opne medlemspolitikk vere ei motvekt til hierarkisering, eksellensfokus og vilkårleg definerte eksklusjonskriterier. OFF ønsker å målbære særinteressene til ei utsatt gruppe innen UH-sektoren, og søke samarbeid med andre interessegrupper innan sektoren der det er grunnlag for det. Samstundes vil OFF vere kompromisslause i å setje interessene til forskarar i ein tidleg karrierefase først.

3. Situasjonsskildring: Utfordringar og mål


3a. Arbeidstilhøve for ferske forskarar


Utfordringar: I følgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse var det kun 15% av stipendiatar med oppstart i perioden 2010-2016 som fullførte doktorgraden på normert tid. I perioden 2012-2021 fullførte berre 66,7 prosent av stipendiatar ved våre største institusjonar doktorgraden innan seks år (Kilde: DBH). Dette talet har vore stabilt sidan 2018, då den gjennomsnittlege tida for å fullføre ein doktorgrad blei målt til 5,3 år. Samla sett er dette tal som burde vere alarmerande for sektoren - ikkje berre tyder det på at normeringa av PhD-gradsløpet i liten grad harmoniserer med røynda, det er også ein indikasjon på at arbeidsvilkåra for stipendiatar er særskilt krevjande.

Til tross for at gjennomsnittsalderen for å fullføre ein Ph.D. grad i Norge er rett i underkant av 38 år, omtalast og lønnast både stipendiat og postdoktor-stillingar som “rekrutteringsstillingar”. Dette tydar på ein forskingspolitisk forvirring, som ikkje tar omsyn til dei spesifikke skandinaviske forholda. At stillingane sjåast på som rekrutteringsstillingar blir brukt for å legitimere dei, relativt sett, dårlige lønnsvilkåra, og dei, til dels, dårlige arbeidsforholda som møtar stipendiatar og postdoktorar. Stipendiatar er særleg utsett, sidan dei ved mange høve er prisgitt rettleiar. Rettleiar er i mange fall ein einskild forskar, utan særlege krav til pedagogisk kursing, leiar- eller samarbeidseigenskapar. Dette gjer at stipendiatar under og i tida etter stipendperioden er i ein utsett posisjon kor ein person har stor makt over karriera deira. Måten gjennomstrøyming målast på, 6 år brutto fra oppstart, forsterkar utfordringa knytta til stipendiatstillingar då den ikkje tar hensyn til legitime fravær, for eksempel knytta til foreldrepermisjon, noko som kan skapa et institusjonelt press på den individuelle forskar.


Under følgjer nokre punkt som peikar på utfordringar som rammar alle eller fleire av OFFs medlemsgrupper:

  • Sjukdom: Som det vart klart under koronapandemien har både dei prosjekttilsette og dei timetilsette avgrensa høve til sjukemelding. Konsekvensen av å bli sjuk er å måtte ta att arbeid, noko som leggjer til ei allereie stor arbeidsmengd. Dette gjer også sektoren lite familievennlig. 

  • Ufrivillig deltid og mellombelse tilsettingar
    UH-sektoren er også notorisk for sin spekulative bruk av deltid og mellombelse stillingar. Det er ikkje ein offentleg arbeidsgjevar verdig. Kjente problemstillingar her er bruken av “lufting”, der tilsette opplever mellombelse opphald i arbeidsforhold for at arbeidsgjevar skal hindre at tilsette får krav på fast stilling og bruken av det eufemistiske omgrepet “fast mellombels tilsett”. Sektoren er økonomisk pressa og har kvart år ei uviss mengde arbeidsoppgåvar å løyse, gitt at studenttal og undervisningsbehov varierar. OFF meinar at dette strukturelle problemet likevel ikkje kan rettferdiggjera den utstrakte bruken av mellombelse tilsettinger og deltid for å spara kostnadar. Dette er ei løysing som, slik me ser det, veltar byrden ved eit strukturelt problem over på den individuelle forskar.  

  • Andre følgekonsekvensar av mellombelse tilsettingar: Dei mellombelse tilsette blir óg utsett for ein rekke andre uheldige konsekvensar av at det ikkje er samsvar mellom sektorens ynske om å ha ein fleksibel arbeidstokk, samstundes som systema for ansettelse er dei samme som for faste tilsette. Eit vanlig problem er forseinkingar i lønn og kontrakt, (som kjem i tillegg til periodar utan lønn) fordi undervisningsbehov endrar seg raskare enn universitetenes evne til å gjennomføre tilsettingar i tråd med prosedyrer. Dette gjer det vanskelegare for dei mellombelse å til dømes få lån i banken

  • Andre følgekonsekvensar av ufrivillig deltid:. Timerekneskapen for lektorar er så pressa at det nesten er uråd å komme opp i ei full stilling, samstundes som timeplanen med undervisning, førebuing og rettleiing gjer det svært vanskeleg å dekke opp de resterande prosenta med anna arbeid. Mange deltidstilsette som er mellombelse freistar å dekke opp dei manglande prosentene ved å ta på seg ekstra arbeid i sektoren, som sensur eller vikartimar. Dette førar til arbeidsveker i perioder på langt over det som er regulert i arbeidsloven. Det høge timeantallet skjules ved å forlenge dei mellombelse kontraktane. 




Saman er dette utfordringar i sektoren som fører til eit høgt stressnivå, gjennomtrekk, fråfall og ein låg grad av stabilitet for dei som ønskjer å bli i yrket. OFF meinar at ein for stor del av byrden ved å arbeide i ein krevjande sektor veltes over på enkeltindividet og at dette er dårlig bruk av menneskelige og samfunnsmessige ressursar. Det er ikkje samfunnsøkonomisk rasjonelt å investere så mykje i kompetanseutvikling og kunnskap hjå den einskilde for så å la dei gå til grunne i ein sektor som i mange fall er unnteke frå arbeidslivsreglar. Å vere tidleg i forskerkarrieren kan for mange samanfalle med å vere i etableringsfasen av personleg- og familieliv, kor stabilitet og føreseielegheit i yrkeslivet er spesielt viktig. Snittaldaren for ferske doktorar ved norske universitet tatt i betraktning, 37 år, gjør altså at ein kan rekne med at mange står i slike rekrutteringsstillingar med låg løn og jobbutryggleik fra dei er tidlig i 30-åra. Ettersom det også har blitt meir vanlig å ta fleire postdoktor-stillingar på rad, kan ein altså reknas som “rekrutt” med den høgste utdanninga mogleg, til ein er godt over halvvegs i 40-åra. Dette er ein urimelig konsekvens av noverande forskningspolitikk. 


Mål:
OFF skal arbeide systematisk og offensivt for betre arbeidsvilkår både i såkalla rekrutteringsstillingar og for forskarar i tidleg karrierefase. Av konkrete tiltak vil vi arbeide for: 

  • Høgare startløn for stipendiatar og postdoktorar, på nivå med andre yrke som krev henholdsvis mastergrad eller doktorgrad

  • Ein drastisk reduksjon i bruken av mellombelse stillingar, gjennom at reelle ressursbehov vert dekka av faste heiltidsstillingar. Det er ikkje dei ansatte som skal bære kostnaden for eit varierande behov for undervisare.

  • Ei avvikling av ordninga med “fast mellombels” tilsetting

  • Krav om gjennomført kurs i rettleiing for rettleiarar, samt intern oppfølging på instituttnivå.

  • Krav om å avskaffe begrepet rekrutteringsstilling med dertil tilhørande låg løn

  • Styrke den reelle retten til sjukemelding og omsorgsdagar ved å a) sørge for at prosjektansatte får forlenget sine prosjekter tilsvarende tiden dei har vore sjuke

  og b) timeansatte lektorar får adgang til vikarar og ikkje treng å ta igjen oppgavar når    dei har vore sjuke.


OFF vil arbeide for at Forskningsrådets utlysninger ikkje skapar arbitrære hindringar for søkjarar i tidleg karrierefase. 




3b. Mangfald og likestilling


Utfordringar:

Ein konsekvens av manglande jobbtryggleik, perioder med arbeidsløyse, med dertil tilhøyrande økonomiske tap er, som nevnt, at dette slår skeivt ut med omsyn til til dømes kjønnsidentitet, funksjonsnivå, økonomi og/eller kulturell bakgrunn. Akademia blir dermed ikkje eit meritokrati på faglige premisser, men favoriserer dei som er privilegerte, med omsyn til økonomi, majoritetsbakgrunn, helse eller kjønn.

Til dømes kan det vere vanskeleg for forskarar med nedsatt arbeidsevne eller i ein familiefase å delta i ein sektor som er prega av overarbeid og kunstig låge timesatsar. Ein openberr fare som burde uroe alle som er opptekne av kunnskapsutvikling er at ein går glipp av kunnskap og perspektiver frå dei som befinner seg utanfor ein homogen sosiokulturell gruppe. Det fins mange døme på at epistemisk perspektiv spelar ein rolle i kva spørsmål som stillast, og for kva som forskas på. Vi veit også at representasjon tellar i rekrutteringen til sektoren slik at desse ulikskapane kan forsterkast over tid.

Homogenitet burde ikkje vere noko sektoren ser som ønskverdig. OFF ser det som ein del av sitt oppdrag å jobbe for bevisstgjering om desse prosessane, kor kortsiktig profitt og budsjettbalanse kan føre til dårligere kunnskapsutvikling over tid fordi akademia ikkje lenger klarar å rekruttere dei beste frå ein stor nok pool av kandidatar.

Mål:
- Sikre lik økonomisk og jobbmessig tryggleik for ferske forskarar av alle opphav og identitetar. 

- Arbeide for at offentlege tilsettingsprosessar skal vere mest mogleg gjennomsiktige formelt og praktisk

- Definere rettferdige, inkluderende og realistiske timesatsar for undervisningsarbeid.

- Jobbe for at forberedelsesfaktor speglar reell arbeidsbyrde, også for å sikre like muligheter for dei med nedsatt arbeidskapasitet eller behov av tilrettelegging.


3c. Representasjon og fråveret av ei samla røyst i allmenta


Utfordringar:

Ferske forskarar er fragmenterte med omsyn til i interesseorganisasjonar: Lokale og nasjonale organisasjonar er avgrensa av stillingskategori (for stipendiatar, postdoc, mellombels tilsette, m.m). Samstundes er det er overlapp med fagforbund som må ta høgde for medlemmar i alle aldre og (ofte) høgare på karrierestigen. Det finnes også ikkje-representative, lukka organisasjonar som Akademiet for yngre forskere.


Arbeidstilhøve for ferske forskarar medførar at denne gruppa i liten grad har høve til å organisere seg og delta i medbestemmelsesprosessar og andre institusjonelle demokratiske ordningar.

Mål: 

-OFF skal vere ein organisasjon som representerer og tar høgde for breidda i arbeidssituasjonane til forskarar tidleg i karrieren. På basis av ei slik forankring, skal OFF vere ein tydeleg røyst i offentlegheita, som kjempar for vilkåra til alle ferske forskarar. 

- Arbeide for betre vilkår for deltaking og medbestemmelse for ferske forskarar. 


4. Akademisk grunnsyn

Fritt tilgjengeleg kunnskap er ein føresetnad for demokrati og utdanning. Akademia skal vere ein internasjonal fellesskap som saman arbeider for å betre levekåra til heile menneskeslekta gjennom utvikling av ny kunnskap. 


5. Arbeidslivsorganisering

OFF har ikkje som mål å vere politisk nøytrale, men er samstundes ikkje knytt til ein spesifikk fagorganisasjon eller politisk parti. I staden oppmodar OFF alle forskarar tidleg i karriera til å organisere seg i det fagforbundet dei sjølv identifiserer seg med av politiske eller pragmatiske grunnar.



6. Språk og internasjonalisering

OFF hevdar verdien av å halde ved like eit norsk fagspråk i alle disiplinar. Vi meiner at det er verdifullt å utvikle og bevare bokmål og nynorsk, men også dei samiske språka som fagspråk.

Det er ei kjensgjerning at mange unge forskarar og stipendiatar kjem frå utlandet til Norge. Utanlandske forskarar er uvurderlege for norsk akademia. OFF vil sikre at det er mogleg for internasjonale forskarar å delta i og vere representerte av organisasjonen, gjennom å etterstrebe at vedtekter, arbeidsprogram, politisk prinsipprogram og medlemsinformasjon er tilgjengeleg på engelsk. Dette er ein praksis som universitets- og høgskolesektoren også burde innføre for sine interne, demokratiske råd og styreorgan, slik at heile det internasjonale fellesskapet kan delta på like vilkår. Vi ynskjer også betre arbeidstilhøve for norske forskarar i ei tidleg karrierefase som er tilsette i utlandet. 

OFF står i solidaritet med ferske forskarar i andre land som opplever vanskelege arbeidsforhold, ulike formar for diskriminering eller politisk undertrykking. Ferske forskarar møter liknande utfordringar på tvers av nasjonale grenser. Organisasjonen støtter difor kampen for unge forskarar sine arbeids- og livsvilkår internasjonalt.




Les mer